Idrettsskule 1.-4. klasse

I år skal idIdrettskule rettskulen vere i skyttarhallen kvar måndag frå 13. oktober til 8. desember. (Oppstart etter jul er 5. januar)

Lars og Hilde (tilsette ved Norane Oppvekstsenter) skal vera trenarar og Anne Britt Halset og Anita Brusegard frå Barneidrettsgruppa er kontaktpersonar.

Idrettsskulen varer frå 14:15 til 15:15. Dei som ikkje har SFO, må hentast på skulen kl 15:15.

Fint om borna har ledige klede som er lett å trene i på måndagar, så slepp dei å skifte. Innesko med lys såle er naudsynt. Det vert og ein del aktivitet ute, ha med kle etter veret!

Håpar dette vert eit kjekt tilbod!

Barneidrettsgruppa i samarbeid med Norane skule

(Idrettsskuletilbodet gjeld ikkje 5., 6. og 7. klasse i år, fordi fleirtalet gav tilbakemelding på at dette ikkje var aktuelt å vera med på i år.)

You may also like...