LOMMELYKTTUR !

Som ein felles juleavslutning for idrettskulen og minitrimmen, vert det arrangert lommelykttur på turvegen på Nornes/Slinda torsdag 11.des kl 17.30 til ca 19.

Alle i Norane er velkomne, om de er med på aktivitetane i idrettslaget eller ikkje!!

Møt opp ved grinda ved Nortun, alle må ha med foreldre/vaksne og alle må ha ansvar for eigne barn. Ta med lommelykt/hovudlykt og refleksvest. Kanskje noko å sitje på og? Ta gjerne med varm drikke.
Me håpar at nissen kjem forbi til oss og? Kanskje han kjem om me syng litt?

Det vert ikkje vaffeltrim denne torsdagen, idrettskulen går som vanleg måndag 8/12.

Håpar akkurat du er med oss denne kvelden 🙂

Ps. Det er lov med nissehue 🙂

Ta kontakt om noko er uklart (Anne Britt tlf 90983861 eller Monica  tlf 97528661 )                                                                                          

Mvh Barneidrettsgruppa

You may also like...