Styrereferat

Referat frå styremøte i Norane skule og ungdomskorps 14. januar 2015

Til stades: Hilde Bøtun, Heidi Bøtun Skartun, Kristine Lyngset Sviggum, Leif Arne Aasen, Normann Henning Fimreite, Heidi Fondenes, (Arild Slinde)

Saker

  1. Årsplan
  • Vanlege øvingar onsdagar frå klokka 17.45-20.00
  • Årsmøte onsdag 11. februar kl. 20.00
  • Vinterferie veke 8 (øvingsfri)
  • Marknad søndag 15. mars
  • Speling søndag 17. mai
  • Avslutning på aldersheimen onsdag 27. mai
  • Mogleg tur til Aurland til hytta til Leif Arne for korps, foreldre og aspirantar fredag 28.- 29./30. august 2015
  1. Aspirantar
  • Me har fått fem nye aspirantar til det nye tilbodet gratis speletrening og aspirantopplæring som er leia av Heidi B. S. og Leif Arne. Øvingane er onsdagar kl. 16.50-17.45. Styret vedtok å bestilla inn aspiranthefter med noter til dei, og at dei betaler for desse bøkene sjølve.
  1. Marknad 2015
  • Heidi B. S. finner fram tiggelister og oppdaterer desse
  • Mogleg speling og loddsal på senteret ein ettermiddag eller laurdag før marknaden
  • Nokre av medlemmene i marknadsnemnda har ikkje lenger ungar i korpset, desse må spørjast om dei vil fortsetja å stå der eller skal ut av lista.

 

  1. Val 2015
  • Valnemnda set snart i gong arbeidet med å finna folk til styret og marknadsnemnda. Ta godt i mot oss!

 

  1. Ymse
  • Sogndal skulemusikk har spurt om me er interessert i eit samarbeid. Styret kom til at det ikkje er aktuelt nett no, men kanskje på sikt når aspirantane har fått meir røynsle. Det er også vanskelegare å samarbeida med janitsjarkorps enn andre brasskorps.
  • Me har no tre som spelar althorn, Embla K. Engesæter (frå kornett til alt), Kristine Lyngset Sviggum (tilbake frå permisjon) og Sara Christine Johnsborg (ny i korpset).

For møtet

Heidi Fondenes (skrivar)

Leif Arne

Spelar Euphonium

You may also like...