Intersportavtale – rabatt

Intersport Sogndal og Norane Idrettslag har inngått avtale som gjeld frå 1.1.2015 til 31.12.2017

NIL sine medlemmar får nye rabattar som erstattar generell medlemsrabatt på 15 %.

Er du medlem av Norane Idrettslag. Då kan du registrerer deg og få digitalt medlemskort her: Medlem Interport

Sjekk ut at «medlemskortet/appen» på telefon din er oppdatert før du handlar, då glir handelen mykje bedre.

Rabattstruktur:

VARE/MERKE KLUBBKJØP MEDLEMSKJØP EVT
UMBRO 25 % 20 % KLUBBKATALOG
MIZUNO 25 % 20 %
CRAFT 25 % 20 %
ALFA 20 % 20 % FJELLSKO
FOTBALLSKO 20 % 20 % ALLE SKO I BUTIKK UMBRO/ADIDAS /NIKE
  • Enkelte varemerker kan endrast etter avtale mellom Intersport Sognal og NIL
  • Enkelte produkt i butikk er marknadspris (Allereie nedsette prisar). Desse produkta blir ikkje rabattert ytterlegare.

Innhald

NIL og Intersport Sognal skal i denne avtaleperioden vurdere felles tiltak som kan bidra til auka kjennskap og marknadsføring av NIL og Intersport Sognal.

  • NIL sine medlemmar må melde seg inn i Club Intersport
  • Intersport Sognal skal arrangere eigne handlekveldar/dagar/veke etter ynskje frå NIL. Minimum 2 g/år (oktober/april). På desse aktivitetane vert det gjeve rabattar på utvalde produkt etter ynskje frå NIL. Dette fordrar god kommunikasjon mellom Intersport Sognal og NIL sine kontaktpersonar (sjå nedanfor).
  • Intersport Sognal kan arrangere temakvelder etter ynskje
  • Intersport Sognal skal ha ein klart definert rabattstruktur og sortiment tilgjengeleg for NIL sine medlemmar (sjå rabattstruktur under).
  • NIL kjøper alt klubbutstyr hjå Intersport Sognal.
  • NIL informerer alle sine medlemmar om avtalen.
  • Intersport Sognal kan profilere seg på NIL si heimeside og i medlemsblad/annonsar/plakatar etc.
  • Intersport Sognal har høve til å profilere seg på arrangement i regi av NIL.
  • Intersport Sognal skal ha tilgang til medlemsliste. Denne skal oppdaterast 1g/år.
  • Intersport Sognal skal ha tilgang til bruk av spelarar/leiarar/støtteapparat etter avtale

Økonomi:

  • Alle kjøp av varer til klubb vert fakturert fortløpande.
  • Ved medlemskjøp må gyldig medlemsskap i NIL framvisast. Dette kan og evt gjerast via ein applikasjon på telefon utarbeidd av Intersport
  • Kostnader knytt til skiltproduksjon, anna profilering, merke og trykk av Intersport Sognal-merke på m.a tekstilar skal dekkast av Intersport Sognal.

Intersport Sogndal får gjennom denne avtalen marknadsføre og profilere merkevara si gjennom NIL og klubben sine arrangement og anlegg.

Profilering:

IS skal vere profilert slik:

Kategori Område Type profilering Plassering Merknad
Klede Alle antrekk der det er mogleg/hensiktsmessig Firmalogo
Arena Skilt etter avtale Skilt/banner med firmalogo Inntil 10 m. langt
Nettside Heimeside / Facebook Firmalogo Etter avtale
  • Intersport Sognal skal godkjenne all bruk av sin eigen logo.

You may also like...