Aktivitetar i barneidretten 2016/-17

Her er ei oversikt over barneidretten sine aktivitetar sesongen 2016-2017.

Utskrift pdf: oversikt-barneidrett-16-17

Utskrift word dokument: oversikt-barneidrett-16-17

Barneidrettsgruppa har desse aktivitetane sesongen 2016/17:

 

GRUPPE

 

ALDER

 

TRENINGSTID

INSTRUKTØRAR/

TRENARAR

 

1

IDRETTS-

SKULE

Minitrimmen

 

 

5 ÅR OG YNGRE

Trening saman med foreldre

Annakvar torsdag kl. 17.15 – 18.30 (NB! Nytt tidspunkt!)

I gymsalen på Ylvisåker. Oppstart: 20. oktober (partalsveker)

Siste gong før jul: 15. desember  (felles juleavslutning heile barneidretten)

Oppstart etter jul: 12. januar (siste: 6. april)

Frukt og kvelds etter treninga!

Ta med innesko og kopp!

    FRI LEIK

Foreldra deltek i aktivitetane saman med borna, og hjelper til med rydding.

Maria Landøy Slinde og Marianne Yttri Sætre er kontaktpersonar

2

IDRETTS-

SKULE

 

6-9 ÅR

(1.-4.  klasse)

Kvar onsdag frå 18-19 på området i/rundt skytehallen på Ylvisåker. Me satsar på å vere mest mogeleg ute! Ingvill Nornes og Marie Ylvisåker er instruktørar. Monica Slinde Solberg, Silje Gustavsen og Silje Anita Flugheim Ølmheim er kontaktpersonar
3

SYMJING

 

ALLE ALDERS-GRUPPER

Sidan bassenget er stengt til nyttår, vil badinga starte i januar. Meir info kjem på www.norane.info og på facebooksida til idrettslaget. Fri aktivitet.

Ikkje symjeføre må ha vaksne med seg.

Kontaktperson: Mona Øvereng Ylvisåker

Symjing:

Alle  born er foreldra sitt ansvar.  Born som ikkje er symjeføre må ikkje opphalde seg på djupna utan at ein vaksen er med.

Kontaktpersonar / ansvarlege for dei ulike gruppene er:

Gruppe 1: Maria Landøy Slinde tlf 91610291, Marianne Yttri Sætre tlf 97150905 og

Gruppe 2  Monica Slinde Solberg tlf 97528661, Silje Gustavsen tlf 90686169

og Silje Anita Flugheim tlf 90645304

Gruppe 3: Mona Øvereng Ylvisåker tlf 41680306

Sykkelkarusell i mai: Mona, Silje Anita, Marianne, Monica, Silje og Maria

Avslutninga 10.des: Mona, Silje Anita, Marianne, Monica, Silje og Maria

 

Treningsavgifter:

Gruppe 1: Kr. 150,-  kr. 100 for barn nr. 2, 3 o.s.v.

Gruppe 2: Kr 200,-, kr. 150,- for barn nr 2, 3 osv

Gruppe 3: 1 barn og 1 vaksen kr. 500,-  barn kr. 250,-  vaksen kr. 400,-

Gjestebading kr 50/70 (barn/vaksen) pr gong .

(Alle som er på bading må registrere seg på listene ved inngangen til garderobene)

 

Vi minner om at

– alle som tek del i aktivitetane til Norane idrettslag må betale medlemskontingent til laget.

– i alle aktivitetar i skytehallen / gymsalen må du bruke innesko med kvit sole.

– Fristen for utmelding av verv er 1. des.

I år vert det felles juleavslutning for alle gruppene torsdag 15. desember. Eige skriv om dette kjem som ranselpost, oppslag i skule og barnehage og på nett.

Det kjem òg eige skriv om sykkelkarusell i mai.

Me i barneidrettsgruppa arrangerer alle desse aktivitetane og held møter på dugnad. Me ynskjer at også de som foreldre er i dugnadsmodus og hjelper til der det trengst.

Velkomen til ein ny og aktiv sesong!

You may also like...