Category: Anlegg

Norane idrettslag disponerar fleire anlegg på Ylvisåker som vert nytta til eigen aktivtet, utleige, eller til fri bruk for alle. Anlegga på Ylvisåker er klubb-/møterom, garderobar, fotballbane (grus), tennis-/badmington-/håndball-/basketballbane (kunstdekke) og sandvolleyballbane. I vinterhalvåret vert det lagt ut plastisbane. Etter avtale nyttar vi også ein gymsal. Sjå kontakt oss for spørsmål om leige eller bruk. I tilknyting til idrettsanlegget ligg det barnehage/skule med leikeapparat, småbåthamn, og eit flott friluftsområde med gode badeplassar.