Idrettslaget

Norane idrettslag fekk namnet då Ytre Norane Idrettslag og Fardal Idrettslage vart slegne saman til eit idrettslag i 1988. Skipingsåret vart godkjent til å vere 1964, då Ytre Norane Ungdomslag oppretta sitt idrettslag. Fardal Idrettslag vart oppretta i 1976.
Laget har som hovudmål å leggje til rette anlegg og allsidige aktivitetar for borna, men også for vaksne der det er interesse for det.