Styrereferat
Referat frå styremøte i Norane skule og ungdomskorps 14. januar 2015
Til stades: Hilde Bøtun, Heidi Bøtun Skartun, Kristine Lyngset Sviggum, Leif Arne Aasen, Normann Henning Fimreite, Heidi Fondenes, (Arild Slinde)
Saker
- Årsplan
- Vanlege øvingar onsdagar frå klokka 17.45-20.00
- Årsmøte onsdag 11. februar kl. 20.00
- Vinterferie veke 8 (øvingsfri)
- Marknad søndag 15. mars
- Speling søndag 17. mai
- Avslutning på aldersheimen onsdag 27. mai
- Mogleg tur til Aurland til hytta til Leif Arne for korps, foreldre og aspirantar fredag 28.- 29./30. august 2015
- Aspirantar
- Me har fått fem nye aspirantar til det nye tilbodet gratis speletrening og aspirantopplæring som er leia av Heidi B. S. og Leif Arne. Øvingane er onsdagar kl. 16.50-17.45. Styret vedtok å bestilla inn aspiranthefter med noter til dei, og at dei betaler for desse bøkene sjølve.
- Marknad 2015
- Heidi B. S. finner fram tiggelister og oppdaterer desse
- Mogleg speling og loddsal på senteret ein ettermiddag eller laurdag før marknaden
- Nokre av medlemmene i marknadsnemnda har ikkje lenger ungar i korpset, desse må spørjast om dei vil fortsetja å stå der eller skal ut av lista.
- Val 2015
- Valnemnda set snart i gong arbeidet med å finna folk til styret og marknadsnemnda. Ta godt i mot oss!
- Ymse
- Sogndal skulemusikk har spurt om me er interessert i eit samarbeid. Styret kom til at det ikkje er aktuelt nett no, men kanskje på sikt når aspirantane har fått meir røynsle. Det er også vanskelegare å samarbeida med janitsjarkorps enn andre brasskorps.
- Me har no tre som spelar althorn, Embla K. Engesæter (frå kornett til alt), Kristine Lyngset Sviggum (tilbake frå permisjon) og Sara Christine Johnsborg (ny i korpset).
For møtet
Heidi Fondenes (skrivar)
Nye kommentarar