Intersportavtale – rabatt
Intersport Sogndal og Norane Idrettslag har inngått avtale som gjeld frå 1.1.2015 til 31.12.2017
NIL sine medlemmar får nye rabattar som erstattar generell medlemsrabatt på 15 %.
Er du medlem av Norane Idrettslag. Då kan du registrerer deg og få digitalt medlemskort her: Medlem Interport
Sjekk ut at «medlemskortet/appen» på telefon din er oppdatert før du handlar, då glir handelen mykje bedre.
Rabattstruktur:
VARE/MERKE | KLUBBKJØP | MEDLEMSKJØP | EVT |
UMBRO | 25 % | 20 % | KLUBBKATALOG |
MIZUNO | 25 % | 20 % | |
CRAFT | 25 % | 20 % | |
ALFA | 20 % | 20 % | FJELLSKO |
FOTBALLSKO | 20 % | 20 % | ALLE SKO I BUTIKK UMBRO/ADIDAS /NIKE |
- Enkelte varemerker kan endrast etter avtale mellom Intersport Sognal og NIL
- Enkelte produkt i butikk er marknadspris (Allereie nedsette prisar). Desse produkta blir ikkje rabattert ytterlegare.
Innhald
NIL og Intersport Sognal skal i denne avtaleperioden vurdere felles tiltak som kan bidra til auka kjennskap og marknadsføring av NIL og Intersport Sognal.
- NIL sine medlemmar må melde seg inn i Club Intersport
- Intersport Sognal skal arrangere eigne handlekveldar/dagar/veke etter ynskje frå NIL. Minimum 2 g/år (oktober/april). På desse aktivitetane vert det gjeve rabattar på utvalde produkt etter ynskje frå NIL. Dette fordrar god kommunikasjon mellom Intersport Sognal og NIL sine kontaktpersonar (sjå nedanfor).
- Intersport Sognal kan arrangere temakvelder etter ynskje
- Intersport Sognal skal ha ein klart definert rabattstruktur og sortiment tilgjengeleg for NIL sine medlemmar (sjå rabattstruktur under).
- NIL kjøper alt klubbutstyr hjå Intersport Sognal.
- NIL informerer alle sine medlemmar om avtalen.
- Intersport Sognal kan profilere seg på NIL si heimeside og i medlemsblad/annonsar/plakatar etc.
- Intersport Sognal har høve til å profilere seg på arrangement i regi av NIL.
- Intersport Sognal skal ha tilgang til medlemsliste. Denne skal oppdaterast 1g/år.
- Intersport Sognal skal ha tilgang til bruk av spelarar/leiarar/støtteapparat etter avtale
Økonomi:
- Alle kjøp av varer til klubb vert fakturert fortløpande.
- Ved medlemskjøp må gyldig medlemsskap i NIL framvisast. Dette kan og evt gjerast via ein applikasjon på telefon utarbeidd av Intersport
- Kostnader knytt til skiltproduksjon, anna profilering, merke og trykk av Intersport Sognal-merke på m.a tekstilar skal dekkast av Intersport Sognal.
Intersport Sogndal får gjennom denne avtalen marknadsføre og profilere merkevara si gjennom NIL og klubben sine arrangement og anlegg.
Profilering:
IS skal vere profilert slik:
Kategori | Område | Type profilering | Plassering | Merknad |
Klede | Alle antrekk der det er mogleg/hensiktsmessig | Firmalogo | ||
Arena | Skilt etter avtale | Skilt/banner med firmalogo | Inntil 10 m. langt | |
Nettside | Heimeside / Facebook | Firmalogo | Etter avtale |
- Intersport Sognal skal godkjenne all bruk av sin eigen logo.
Nye kommentarar